Godt nytt år!

Ved slutten av eit år som har vore ulikt alt anna er det no på tide å sjå framover mot eit nytt!

Alt har vore ulikt det vi har vore vant til i år. Vi har ikkje kunne trene, konkurrere, reise, samlast og vise oss fram slik vi har vore vant til. Likevel har mange stått på dag og natt for å legge til rette for at dei som vil skal få. Banemannskapet på Syltøran, løypekøyrarar på Nordmarka, trenarar, lagleiarar, styre og arrangementskomitear i alle gruppene. Alle har gjort ein uvurderleg jobb for å ha eit så godt tilbod som mogleg.

Utan alle som har bidratt har det heller ikkje vore mogleg å arrangere det vi har gjort. Alle har vore positive og stått på. For alle som har stått på veit at det vi driv med betyr så mykje for så mange.

Med dette vil eg berre seie takk til alle som har bidrege i dette rare året. Takk for innsatsen de har lagt ned, takk for jobben de har gjort, takk for at de stiller opp og bidreg for idrettslaget! Det betyr så mykje for så mange.

I år seier vi godt nytt år, for vi ynskjer kvarandre eit verkeleg godt nytt år. Vi håpar alle at 2021 blir mest mogelg normalt!

Godt nytt år og kos dykk resten av fridagane!

 

Beste helsing

Sondre Ormset

Dagleg leiar

Surnadal IL

Annonser

Svorka AS

Surnadal og Stangvik Sparebank