Vinnarane i billotteriet 2019 er trekt!

Vinnaren av bilen i årets billotteri er Erkki Morten Klami!

Onsdag 03.07.19 vart vinnarane av det årlege billotteriet til Surnadal IL Fotball kjent.

Førstepremien, ein Volkswagen E-Up Entry til ein verdi av 183 260,-, levert av Sveen Auto, vart vunne av Erkki Morten Klami på lodd nr. 1330.

Andrepremien, eit gavekort frå Amfi, med verdi 4000,- vart vunne av Espen Vikavoll på lodd nr. 1461.

 

Det er stor stas for oss i Surnadal IL Fotball å kunne arrangere dette billotteriet kvart år. Det er ei viktig inntektskjelde og det er ei glede å kunne overlevere premiane til dei heldige vinnarane. Vi håpar premiane kjem godt med! Det betyr sjølvsagt mykje for oss å ha gode støttespelarar som Sveen Auto og Amfi på laget, som gjer dette mogleg. Stor takk til alle som har solgt og kjøpt lodd i sumar. Vi i fotballgruppa gler oss alt på neste år og nytt lotteri!

IMG_4221.JPG

Annonser

Svorka AS

Surnadal og Stangvik Sparebank