På Syltøran ligg fotballanlegget til Surnadal IL her har vi to grasbanar, ein kunstgrasbane, utescene og klubbhus med garderobeanlegg og storstue.

På Nordmarka ligg langrennsstadion her eig idretsslaget området rundt klubbhuset og leiger areal ut over dette for å køyre løyper på. På Nordmarka er det skiskytterstadion, løyper for alle aldrar og både tur og trim. I tillegg er det klubbhus med garderobeanlegg og kiosk.

På Øyeområdet leiger vi Øye stadion kunstgrasbane, Surnadal Idrettshall og gymsalane på Surnadal barne- og ungdomsskule for å drive mange ulike aktiviteter. Mellom anna har handball, diskgolf, turn og barneidrett det aller meste av aktiviteten sin her.

I Sæterlia brukar vi det kommunale alpinanlegget. Her stiller alpin og freeski opp på dugnadar for å sørge for eit anlegg i topp stand gjennom heile vinteren.