Surnadal IL har lenge benytta custompublish som løysning på heimeside, men den har i lengre tid framstått som gamaldags og tungvint. Når det i fjor vår kom eit tilbod frå NIF og Klubbnettside i samarbeid hoppa vi på det.

Leverandøren av klubbnettside gjorde grunnarbeidet for oss og no har vi fått inn noko innhald, slik at vi kan vise fram heimesida vår i ny drakt!

Det skal bli enklare å halde informasjonen på heimesida oppdatert og det skal vere lettare å publisere nyheitssaker. I tillegg er klubbnettside meir mobilvennleg enn den gamle heimesida. Sjå deg rundt og så håpar vi du likar den nye sida vår!